Gunvor Frantzen Ulltang
Tilsette i barnehage, skule, SFO, PPT, barnevern, skulehelsetenesta og helsestasjon, kommunepsykolog for barn og unge, tenesteutviklar, oppvekstsjef og leiarane for barnehage og skule.
Målet har vore at alle skulle få møta same tema, reflektera i lag og bygga felles forståing rundt tema:
Inkludering i møte med utfordrande åtferd.
Denne dagen har kome i gang gjennom det nasjonale satsingsområdet «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande opplæring».
Kristian Øen frå NLA møtte forsamlinga med teori og praksis, erfaringsdeling og masse gjenkjenning.
- Kven er borna som utfordrer?
- Kva hjelper borna som strevar sosialt og emosjonelt?
- Gjer barn så godt dei kan eller så godt dei vil?
- Kva når born strevar med sosial meistring, hjelper me dei til å forstå seg sjølv og fylla opp verktøykassen deira slik at dei kan klara å meistra?
Borna skal læra gjennom heile livet, dei kjem ikkje i barnehagen eller skulen ferdig utlært, heller ikkje når det gjeld sosial kompetanse.
Gunvor Frantzen Ulltang
Me hadde ein dag med mykje læring og refleksjon. No skal alle tilbake til sine barnehagar, skular, tenester og jobba med etterarbeid mot praksisendring og auka forståing.
Alle born treng å kjenna seg trygge i barnehage og skule. «Likar du meg, toler du meg?»
Alt startar med relasjonen mellom vaksne og born og mellom dei vaksne og mellom borna. Alle born må vera trygge for å læra.