Under samlinga heldt RVTS – Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging – innlegg, ved psykologspesialist Patrick O´Loughlin og spesialkonsulent Beate Gauden. Rundt førti tilsette frå ulike tenester var til stades, det same var representantar for leiinga i Kvam herad, ved rådmann Anita Hesthamar.
Fagsamlinga sette mellom anna fokus på kva nyare forskning seier om kva fleirkulturelle familiar treng både i starten og på lengre sikt, når dei vert busett i kommunen vår.
Mange flyktningar ber med seg sterke opplevingar frå heimlandet, men forskning syner at opplevingane og erfaringane dei får etter å ha kom til Noreg har størst tyding for korleis den psykiske helsa utviklar seg. Her ligg det også viktige lærdomar for kva kommunane kan gjera for å førebyggja vanskar på mange område.
RVTS formidla at undersøkingar og erfaringar syner at mange minoritetsspråklege kjenner seg einsame. Familiar og enkeltmenneske med ein slik bakgrunn treng det same som me andre: å kjenna tilhøyre til bygda og å få kontakt med andre. Det å kunna møtast, vera sosial og å kjenna at ein har nokon ein kan spørja om råd frå, få hjelp frå og henta støtte hjå er viktig. Me treng alle å kjenna at me har ein verdi, og at andre er interessert i kven me er og bryr seg om oss. Me treng også å kjenna at me høyrer til og kan bidra, og difor har me mykje å tena på å vera nyfikne på kvarandre, og på dei som har ein annleis bakgrunn enn vår eigen.
Mange foreldre vert til dømes sitjande åleine på foreldremøte? Kvifor er det slik, og kva kan me gjera med det?
Systematisk arbeid for å integrera flyktningar vil vera til glede for alle innbyggjarar, til dømes også for norske innflyttarar og for innfødde kvemmingar som kjenner seg einsame. For at dei som flyttar til Kvam skal ynskja å bli verande her, er sosialt fellesskap og ein arbeidsplass det viktigaste.
Foreldrestøtte-prosjektet skal utarbeida eit årshjul og plan for kva foreldrekurs me skal ha i kommunen.