Endrar i kraftfondreglar grunna korona

Det vart i går, onsdag 15. mars, halde digitalt heradsstyremøte i Kvam herad. Heradsstyret vedtok mellom anna å endra retningslinene for det kommunale kraftfondet, for slik å kunna bidra med avhjelpande tiltak i møte med koronakrisa.

   

Denne saka var sett opp som ei tilleggssak på sakslista til heradsstyret. I lys av koronakrisa føreslo rådmannen å gjera fleire endringar i retningslinene for kraftfondet:

  • Ny utlysing av tilskot frå kraftfondet med frist 1. juni, i tillegg til 1. oktober, med handsaming i heradsstyremøta i september og desember. F.o.m. 2021 vert fristen 1. juni endra til 1. mai, med handsaming i juni-møtet.
  • Endring slik at søknadane i hovudsak skal skje på elektroniske skjema.
  • Ei auke i rådmannen si fullmakt til å gje løyvingar utan politisk handsaming, frå å kunna gje løyvingar på inntil 50.000 kroner til å gje løyvingar på inntil 250.000 kroner.

I møtet uttrykte ei rekkje av dei folkevalde at dei såg på det som viktig å halda på den politiske kontrollen over løyvingane, og til sist samla heile kommunestyret seg om eit endringsframlegg sett fram av Kari Mostad. Dette framlegget inneber at det i 2020 vil verta lyst ut tilskot frå kraftfondet fire gongar, med frist 1. mai, 1. juni, 1. september og 1. november, og med fortløpande handsaming i heradsstyremøta i mai, juni, september og desember.

Frå og med 2021 vert søknadsfristane 1. mai, med handsaming i junimøtet, og 1. oktober, med handsaming i desembermøtet. Endringane vil gjelda så snart dei er godkjende av Fylkesmannen i Vestland.

Vellukka møte

Det er fyrste gongen heradsstyret har eit slikt heildigitalt møte, og bakgrunnen for at dei ikkje samlast på Rådhuset er sjølvsagt dei pågåande tiltaka for å avgrensa smitte med det nye koronaviruset. Heilt knirkefritt vart det digitale møtet, men det var vellukka, og gjer nyttige erfaringar. Det kan fort verta naudsynt å halda fleire heradsstyremøte digitalt. 

Heradsstyret handsama også ei heil rekkje andre saker, blant dei kommunen sin planstrategi frametter, hovudplan for skogsvegar og ruspolitisk handlingsplan. Er du nyfiken på debattane, kan du sjå møtet i opptak på kommune-TV. Sakslista finn du i Kvam herad sin innsynsportal, der protokollen frå møtet også vil vera tilgjengeleg når den er klår.