Elsa og Svein Iversens legat
Legatet har kr. 50 000 som skal fordelast i 2020. Dei som kan søkja om desse midlane er enkeltpersonar, prosjekt, institusjonar eller lag og organisasjonar som kan vera til glede for sjuke og eller/ eldre i Kvam.
Styret avgjer om summen skal delast ut til ein eller fordelast på fleire søkjarar.
Søknadsfrist er 29. mai 2020. Eventuelle spørsmål kan rettast til styreleiar: Roar Strømme, sokneprest i Vikøy og Strandebarm (tlf. 970 37 737).
Send søknaden til Elsa og Svein Iversens legat ved Roar Strømme, Postboks 39, 5600 Norheimsund, eller på epost: rs466@kyrkja.no.
Sist endra 14.05.2020 08:33