Dei som kan søkja om desse midlane er:
- enkeltpersonar
- prosjekt
- institusjonar
- lag og organisasjonar
som kan vera til glede for sjuke og eller/ eldre i Kvam.
Styret avgjer om summen skal delast ut til ein eller fordelast på fleire søkjarar.
Søknadsfrist er måndag 31. mai 2025.
Du må bruka elektronisk søknadsskjema for å søkja på legatmidlane. Du loggar deg inn i skjemaet ved å bruka elektronisk ID. Dei som har fått stønad sist år, må leggja ved dokumentasjon på gjennomført prosjekt i 2024/2025 for å koma med i denne søknadsrunden. Søknadssum må gå tydeleg fram av søknaden. Alle søknadar må legga ved budsjett og prosjektomtale for det aktuelle prosjektet.
Elektronisk søknadsskjema finn du ved å gå inn på denne lenkja: Elektronisk søknadsskjema. Elsa og Svein Iversens legat.
Eventuelle spørsmål kan rettast til styreleiar:
Vetle Karlsen Eide, sokneprest i Vikøy og Strandebarm tlf.nr.: 400 35 356 eller per e-post: vk267@kyrkja.no