Anlegget ligg i Kvam herad i Vestland fylke. Høyringsfristen er sett til 13. desember 2021.
Søknaden
Lingalaks AS ønskjer å elektrifisere fiskeoppdrettsanlegget Lingaholmane i Kvam herad. Dei søkjer difor om anleggskonsesjon for å byggje ein 1,5 km lang 22 kV sjøkabel til anlegget deira. Sjøkabelen vil gå frå ein nettstasjon ved parkeringsplassen på Lingalaks sin base på land til oppdrettsanlegget ute i Strandebarmsbukta i Hissfjorden, vist i kartet under. Kabelen vil bli grave ned dei første metrane og ikkje vere synleg på land. Lingalaks søkjer òg om konsesjon for ein transformator i anlegget med yting 0,1 MVA og omsetnad 22/0,4 kV.
Ifølgje Lingalaks vil elektrifisering av Lingaholmane fiskeoppdrettsanlegg erstatte bruk av dieselaggregat og difor vere viktig fordi det vil redusere lokal forureining og samla klimagassutslepp.
Lingalaks søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ønskjer vi å få høyringsinstansane sine synspunkt på planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknader. Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på NVE sine internettsider: www.nve.no/8630/A.
Høyring av søknaden
De kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:
- via skjema for fråsegner, som de finn på NVE sine internettsider
- via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer 202107892 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)
- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO
Fråsegner må sendast til NVE innan 13. desember 2021. Har du innspel til Kvam herad sitt høyringsinnspel, må desse koma til Kvam herad innan 7. desember 2021. Kontaktperson i Kvam herad er sjef for samfunn, næring og kultur, Jon Nedkvitne. Han når du på telefon 979 53 274 eller e-post JONE@kvam.kommune.no.