Skattesetelen viser kva eigedomen skal betala i eigedomsskatt for 2025, og er ikkje ein faktura. Faktura blir tilsendt etter kor mange terminar du har valgt på kommunale gebyr. Du kan endre dette på MinEigedom.
Med heimel i Eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker.
Lista syner dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer, skattetakst på eigedomen, frådrag, skattesats og utrekna sum eigedomsskatt. Eigedomsskattelista er og lagt ut på Kvam rådhus.
Skattelista, til offentleg ettersyn (PDF, 2 MB)
Eigedomar med fritak, til offentleg ettersyn (PDF, 210 kB)
Eigedomsskatten er skriven ut i samsvar med Forskrift om eigedomsskatt 2025, Kvam herad (PDF, 115 kB).
Fritak
Fritakskode er oppgitt for dei eigedomane som i samsvar med § 5h i Eigedomsskattelova har delvis fritak frå eigedomsskatt. Det er lagt ut eiga liste for eigedomar som har fritak etter §§ 5a, c og d, 7a, 7b i Eigedomsskattelova.
Promille
Skattesatsen er 7 promille for næringseigedomar, og 3,3 promille for bustad- og fritidseigedomar.
Botnfrådrag
Botnfrådraget i 2025 er på kr 350 000 for bustad og fritidsbustad (for godkjente bueiningar) Det er ikkje botnfrådrag for eigedomar som ikkje er bustad eller fritidsbustad.
Obligatorisk reduksjonsfaktor
I 2025 er den obligatorisk reduksjonsfaktoren på 30% på bustader og fritidsbustader. Taksten vert altså redusert med 30% før skatten vert rekna ut. Reduksjonsfaktoren gjeld ikkje næring.
Forfall
Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei andre kommunale eigedomsgebyra. Innbyggjerane kan sjølv velje mellom fire alternativ. Faktura 1, 2, 4 eller 12 gongar i året. Faktura vert tilsendt.
Klage
Klagen må vera skriftleg og kan sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller send e-post til postmottak@kvam.kommune.no. Frist for klage er 6 veker frå kunngjeringsdato. For 2025 vil det seia at klagefristen er 7. april 2025.
Eigedomsskatten skal betalast sjølv om den er påklaga.
Ofte stilte spørsmål og svar om eigedomsskatt finn du her.