Digitalt heradsstyremøte onsdag 15. april

Onsdag 15. april er det heradsstyremøte i Kvam herad. Grunna koronakrisa er det for fyrste gong eit digitalt møte.

Politikarane skal blant anna diskutera planstrategi, skogsvegplan og rusfagleg handlingsplan. Det skal også veljast medlemer til eit etikkutval, som skal revidera dei etiske retningslinene for folkevalde. 

Sakspapira til møte er tilgjengelege via Kvam herad sin innsynsportal

Det vil vera mogleg å følgja møtet på kommune-TV. Der vil eit opptak også verta gjort tilgjengeleg i etterkant.
 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.