Digitalt heradsstyremøte idag
Tysdag 16. februar kl. 16 er det digitalt heradsstyremøte i Kvam herad. Det er eit møte u også kan følgja via kommune-TV. På sakslista står mellom anna klager på reguleringsplanen for Dalen, Skårane, Leite og Vassværena.
Heile saklista finn du i Kvam herad sin innsynsportal, der du også kan lasta ned sakspapira. Av det politikarane skal ta stilling til er ei rekkje søknader til Kraftfondet. I tillegg er problemstillingar knytt til to reguleringsplanar – ein vedteken og ein komande – å finna på sakslista.
Når det gjeld reguleringsplan for Dalen, Skårane, Leite og Vassværena skal ei rekkje klager handsamast. Heradsstyret vedtok 16. juni 2020 å godkjenna planen. Det har kome inn 31 klager. Ingen av dei er frå offentlege instansar, men ein av dei er frå Kvamskogen vel, og omhandlar friluftsinteresser som ligg naturleg innanfor velforeininga sitt virkefelt, slik at dei vert vurdert å ha rettsleg klageinteresse. Resten av klagene kjem frå private partar som eig eller festar tomter i området.
Når det gjeld reguleringsplan for gang- og sykkelsti mellom Ålvik og Vikedal, er dette ein plan heradsstyret tidlegare her bedt om, og eit arbeid dei har finansiert med 300.000 kroner frå kraftfondet. Før jul var arbeidet ute på anbod, og rådmannen ser no at ramma er for låg og ber om å utvida ramma med 400.000 kroner, slik at prosjektet får ei totalramme på 700.000. Formannskapet handsama saka førre veke, og ingen hadde innvendingar mot dette.
Sist endra 24.08.2022 15:12