Digitalt heradsstyremøte idag
Idag, tysdag 12. mai, vert det digitalt heradsstyremøte i Kvam herad. Møtet startar kl. 16, og kan følgjast via kommune-TV.
Sakslista til møtet finn du i heradet sin innsynsportal. Blant sakene politikarane skal diskutera er årsmeldinga for 2019, retningsliner for eigedomsskatt, finansiering av Hardanger AKS og prioritering av spelemidlar til lokale kulturbygg.
Planprogrammet for arbeidet med ein ny klimaplan for Kvam herad skal også vedtakast, og i ei sak rundt forskrifta om folkevalde si godtgjersle har formannskapet føreslege å utvida varaordførargodtgjersla frå 10 til 20 prosent av ordføraren si godtgjersle.
Vil løyva ekstramidlar til lag og organisasjonar
Heradsstyret skal også diskutera ein interpellasjon sendt inn av Senterpartiet. Der vert det føreslege at kommunen skal gje ei ekstraordinær løyving til lag og organisasjonar i Kvam som har mista inntekter frå arrangement grunna koronakrisa. Dei føresler å løyva 600.000 kroner, finansiert med pengar frå Havbruksfondet.
Sist endra 17.08.2022 12:55