Digital fakturautsending

Kvam herad jobbar i desse dagar med innføring av ny rutine for distribusjon av fakturaer for å auke graden av digital utsending.


 

Dette skal letta arbeidet både for oss som sender ut faktura og for dykk som mottek faktura. Den nye forma for utsending resulterer også i ein ny fakturablankett.

Den nye løysinga inneber at alle faktura blir forsøkt sendt digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i en e-post. Dersom dette ikkje er mulig vert fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din. 

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal. Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du godkjenner med eit klikk. Beløp og forfallsdato kan endrast. Dersom du inngår avtale om eFaktura vert alle faktura frå Kvam herad sendt til deg som eFaktura, uavhengig av kva det gjeld. 

AvtaleGiro

AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Banken trekkjer automatisk beløpet frå kontoen din på forfallsdato. Det trengs ingen godkjenning. Betalinga kan ikkje endrast, men kan stoppast. 

På AvtaleGiro inngår du ein avtale per eining, det vil seie barnehage, pleie/omsorg, eigedomsgebyr og husleiger. Det betyr at du kan velja å ha AvtaleGiro på barnehagefakturaen, men ikkje på eigedomsgebyra. NB! Du får ikkje sjå fakturaen i nettbanken. 

eFaktura kombinert med AvtaleGiro

Med denne kombinasjonen får du det beste frå begge løysingane. eFaktura vert sendt ferdig utfylt til nettbanken og den vert trekt automatisk på forfall. eFakturaen finn du i forfallsregisteret i nettbanken din.

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysinga er det også mulig til å tilby Vipps eFaktura. Dette forutset at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps eFaktura inne i appen.

Faktura i Digipost / eBoks

For å motta faktura på Digipost / eBoks fordrar det at du har oppretta ein digital postkasse hjå ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller AvtaleGiro med kommunen vil desse være føretrekt framfor Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ynskjer du å få fakturaen tilsendt som eit PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakte oss for å få registrert di epost-adresse i vårt system. Me må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som AvtaleGiro, eFaktura, Vipps eFaktura eller digital postkasse, vil desse bli føretrekt framfor epost.

Faktura levert i postkassa

Dersom me ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidligare, og den einaste forskjellen du vil merke er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botnen, så den kan ikkje nyttast som brevgiro.

For å nytte brevgiro må du føre nødvendig fakturainformasjon over på ein blank giroblankett. Tomme giroblankettar kan fåast i banken, eller ved å kontakte rådhuset. På rådhuset kan du også få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ynskjeleg.