Departementet vil ikkje greia ut grensejustering

Kommunaldepartementet vil ikkje vurdera flytting av Ålvik til nye Voss herad Øyvind Strømmen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stør fylkesmannen sin konklusjon, og vil ikkje greia ut ei grensejustering der Ålvik vert flytta frå Kvam herad til nye Voss herad.

I eit brev til fylkesmannen i Hordaland syner departementet til fylkesmannen si vurdering om at det ikkje ligg føre "moment som tilseier at kommunegrensa er utenleg slik ho er i dag". 

Departementet stør denne konklusjonen og avgjer at ei grensejustering mellom Kvam herad og Granvin / nye Voss herad ikkje skal utgreiast vidare.

Du kan lesa ein kopi av brevet i PDF-format ved å følgja lenkja nedanfor: