Den viktigaste hugselista i jula

Barn merkar at vaksne har drukke, tidlegare enn du trur. Hugs at barn liker best vaksne som er trygge og føreseielege, også under julefeiringa.
Illustrasjonsbilete frå Av-og-til   

Snart er det jul igjen, og førjulstida er ofte prega av alt me ikkje må gløyma: adventskalender, luciafeiring i barnehagen, gåveinnkjøp og pynting.

– Me vaksne bruker mykje tid og krefter på at jula skal bli like magisk som barna drøymer om. Det som er viktig å hugsa på, er at det barn ønskjer seg aller mest, er trygge og gode vaksne som oppfører seg akkurat slik dei pleier, seier Katrine Gaustad Pettersen, fungerande generalsekretær i Av-og-til.

Ho peiker på at det ofte kan vere vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleve som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere barn usikre og utrygge.

– For mange er alkohol ein viktig del av julekosen, og det er heilt greitt. Men vi må hugsa at det er vårt ansvar at ikkje alkoholbruken til dei vaksne går ut over julekosen for barna, seier ho.

Bruk alkovett i jula

Kvam er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggja og redusera skadeleg alkoholbruk. 

– Alle barn fortener ei trygg og god julefeiring som kan gje dei hyggelege minne å ta med seg vidare i livet, seier Reidun Braut Kjosås i Kvam herad. – Difor oppmodar me alle vaksne som skal feira saman med barn til å tenkja over sin eigen alkoholbruk i jula,

Saman med Av-og-til kjem ho med nokre gode råd om barn og alkohol, som kan vera verdt å ta med seg inn i juleplanlegginga.

Den viktigaste hugselista i jula:


Drikk maks to glas når du er saman med barn  

Tenk igjennom på førehand om du skal drikka, og i så fall kor mykje, når det er barn til stades. Når barn blir spurde, seier fleirtalet at dei ønskjer at vaksne skal drikka null eller berre eitt eller to glas alkohol når dei er saman med dei.  

Ver bevisst på kor mykje alkohol du kjøper inn

Jo meir alkohol me kjøper, desto meir drikk me gjerne òg. Pass på å fylle handlekorga med freistande alkoholfrie alternativ, så gjer du det lettare for folk å velja alkoholfritt. Kanskje du kan freista med ein alkoholfri velkomstdrink eller setja saman ein alkoholfri drikkemeny som er tilpassa julematen?

Bli einige med andre vaksne

Skal de feira jul saman med andre vaksne? Då kan det vere fint å avtala på førehand kva som er greitt og ikkje når det er barn til stades. Det kan vera lurt at minst éin er edru og kan køyra bil dersom det skulle skje noko.

Hugs at barn merkar at du har drukke, tidlegare enn du trur

Ofte kan det vere vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleva som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere barn usikre og utrygge. 

Ikkje gløym morgondagen

Juleøl og akevitt er ein del av julekosen for mange. Pass på at det ikkje endar med at du neste dag må avlysa skituren, snømannbygginga eller andre juleaktivitetar som heile familien har gledd seg til.   

Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider

For barna er jula er ei spesiell og magisk tid. Julaftan er ein dag dei har store forventingar til og gler seg til lenge i førevegen, og minna frå julefeiringa er noko dei tek med seg resten av livet. Det er vårt ansvar å syta for at alkoholbruken til dei vaksne ikkje går ut over barnas julehygge.

Vil du lesa meir? 

Besøk Av-og-til sine nettsider.