Den største folkehelseundersøkinga nokon gong

Korleis har du det og korleis trivst du i nærmiljøet ditt? Dette er noko av det du kan bli spurd om i den største folkehelseundersøkinga som er gjennomført i Hordaland.

I desse dagar vert om lag 70 000 hordalendingar frå 18 år til dei eldste heimebuande inviterte til å svara på spørsmål relatert til folkehelse. Til skilnad frå ei helseundersøking skal Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 finna ut korleis helsesituasjonen er i fylket og kva faktorar som påverkar helsa lokalt. For å få svar på dette blir det stilt spørsmål om sjølvopplevd helse, om korleis du trivst, korleis du lever og korleis du opplever nærmiljøet ditt.

​Må vita korleis du har det

Dei som er blitt invitert til å delta i undersøkinga, er tilfeldig trekt ut frå Folkeregisteret, men uttrekket er representativt i høve alder, kjønn og bustadkommune. Invitasjon til å delta er sendt ut anten via SMS eller e-post, alt avhengig av kva ein sjølv har lagt inn som kontaktpunkt med det offentlege. Som første fylke av Folkehelseinstituttet sine fylkesundersøkingar er spørjeskjemaet heildigitalt. Svara er sjølvsagt anonyme, og undersøkinga er godkjend av Datatilsynet.

– Me vil leggja til rette for at det er god folkehelse i Hordaland, men då må me rett og slett vita korleis folk har det. Derfor gjennomfører Hordaland fylkeskommune denne store undersøkinga saman med Folkehelseinstituttet. Om mange nok svarar, kan både fylkeskommunen og kommunane setja i gang tiltak som kan koma innbyggarane til gode og styrka folkehelsa, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Slike fylkesundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Me håpar at flest mogleg vil takka ja til å delta. For jo fleire som deltar, jo betre kunnskapsgrunnlag får me, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

 

Info på hordaland.no og telefonhjelp

I tilfelle nokon slit med å gjennomføra undersøkinga elektronisk er det mogeleg å ringa eit hjelpenummer for å få rettleiing. Det er òg god informasjon på nettsidene til Hordaland fylkeskommune om undersøkinga i si heilskap, men òg fakta om anonymitet, kontaktinformasjon, kven som får statistikk til slutt osv.

– For oss er det viktig at alle som blir inviterte til undersøkinga svarar. Me har prøvd å leggja til rette for dette på ein god måte, seier prosjektleiar Aina Haugstad i Hordaland fylkeskommune.


Om dei inviterte lurer på noko er det mogeleg å senda både e-post og ringa. Det er òg mogeleg å svara på spørjeskjemaet på engelsk, nynorsk og bokmål. I dei seinare åra er det blitt meir og meir fokus på folkehelsearbeid. Forhold som vedkjem folkehelse, skal inn i alle planar fylkeskommunen og kommunane held hand om.

 

Har med helsa vår å gjera

– Å leggja til rette for god folkehelse har mykje å seia for samfunnet og for helsa til den enkelte. Derfor er dette viktig, og derfor har me stort fokus på folkehelsearbeidet i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Her finn du svar på spørsmål som det er vanleg å stilla.