Dei tre sistnemnde sakene har tidlegare vore handsama i formannskapet, og omtalt her på kvam.no:
Du kan også sjå orienteringane formannskapet fekk i sakene på kommune-TV.
På heradsstyret sitt sakskart står også framtidig politisk organisering i Kvam herad. Her har rådmannen føreslege å leggja ned nærings-, plan- og bygningsutvalet, blant anna på bakgrunn av nedgang i talet på saker som vert handsama i utvalet. Når den nye arealplanen er på plass, reknar rådmannen med at det vil føra til endå færre dispensasjons- og klagesaker. Her slutta fleirtalet i formannskapet seg til rådmannen sitt utkast, medan Ottar Randa frå Høgre sette fram eit alternativt framlegg som innebar at ein framleis skulle ha eit slikt utval.
Semje om brannstasjon, usemje om produksjonskjøken
Attende i 2017 vedtok heradsstyret ny brannordning for kommunen. Då bad dei også om ei sak knytt til endeleg plassering og løysing for ny felle brannstasjon for Norheimsund og Øystese. Tidlegare denne månaden vart saka lagt fram for formannskapet, som samla slutta seg til rådmannen si innstilling: at den nye brannstasjonen skal plasserast på Mo i Steinsdalen.
Det andre alternativet som vart vurdert var å leggja han på Sandven sentralt i Norheimsund. Rådmannen meinte at båe alternativa var eigna, men rådde til Mo av omsyn til raskast mogleg utrykking, grunna samlokalisering med politi og fordi det der truleg vil vera plass til gjennomkøyring i brannstasjonen. Plasseringa i Steinsdalen legg også til rette for samlokalisering med Sivilforsvaret, og har plass til utviding av stasjonen dersom det vert naudsynt i framtida.
Når det gjeld etablering av eit eventuelt eige produksjonskjøken var det mindre semje i formannskapet. Her hadde rådmannen rådd til at det skal arbeidast vidare med etablering av eitt slikt kjøken i kommunal regi, med mål om å starta produksjon av middagar til institusjonar og heimebuande frå 1. mars 2020. I saksutgreiinga skreiv rådmannen også: «På grunn av logistikken, tidsfristar for utkøyring av mat og geografien i kommunen, må vera lokalet i området Norheimsund – Øystese».
Frode Nygård (Frp) ynskte å få presisert dette også i innstillinga til heradsstyret, og fekk støtte til det frå Ap, Høgre og Krf. Senterpartiet meinte derimot ulike lokalitetar må vurderast, men deira framlegg om dette fekk berre Sp sine eigne røyster.
Du kan lesa meir om denne diskusjonen i lokalavisa Hordaland Folkeblad:
Sp: - Kan vera lurt med kjøken i Strandebarm (krev abonnement)
To innbyggjarinitiativ
Eit av dei demokratiske verktøya det er lagt til rette for i kommunelova er såkalla innbyggjarinitiativ. Gjennom å samla inn eit visst tal på underskrifter kan innbyggjarane løfta ei sak for heradsstyret, som pliktar å handsama framlegget innan seks månader. Det vert stilt krav til innhaldet i slike initiativ: Dei kan nyttast til å ta opp nye saker, ikkje saker som allereie er handsama i inneverande heradsstyreperiode.
Meir info: Innbyggjarforslag
I dette heradsstyremøtet skal det handsamast to slike innbyggjarforslag, båe med utgangspunkt i Ålvik. Det eine er eit ynskje om at rådmannen skal sjå på moglegheitene for vidare drift av symjebassenget i Ålvik.
Rådmannen meiner dette framlegget tilsvarer eit vedtak som allereie vart gjort i heradsstyret i desember 2018. Då bad heradsstyret om at det skal leggjast fram ei sak der ulike alternativ for vidare drift vert belyst: både kommunal drift, drift på friviljug basis og drift i samarbeid mellom kommune og lokale lag. Heradsstyret bad om denne saka skal leggjast fram i løpet av vårhalvåret 2019. Sidan dette vedtaket allereie er gjort rår rådmannen til å avvisa innbyggjarinitiativet.
Det andre innbyggjarinitiativet gjeld plassering av bomstasjonar i Kvammapakken. I dette framlegget, som er utforma av aksjonsgruppa Ålvik - ei levande bygd, og som har fått støtte frå 177 underteiknarar heiter det: "Plasseringa av bomstasjonane i Kvammapakken må endrast, slik at dei blir i samsvar med nytteprinsippet". Nytteprinsippet tyder at dei som betalar bompengar skal ha nytte av tiltaka, og at alle som har nytte av dei skal betala.
I innbyggjarinitiativet vert det syner til at ein må betala bompengar om ein køyrer frå Lunestad til Kjepsohøgda i retning Voss, utan at vegen er blitt utbetra der, samstundes som ein kan køyra bompengefritt frå Norheimsund og ut av kommunen, via Strandebarm.
Rådmannen rår til at ynskjet om ei endra plassering av bomstasjonane ikkje vert imøtekome, og meiner at plasseringa av bomstasjonane er i samsvar med Kvammapakken sin bompengesøknad, og at pakken oppfyller intensjonane når det gjeld nytteprinsippet.
Vil du vita meir?
Du finn sakspapira til heradsstyremøte i Kvam herad sin møteportal. Heradsstyremøtet vil også verta sendt på kommune-TV.