Bytt batteri på røykvarslardagen
Me går no inn i desember månad - med advent og julehøgtid, men det er òg månaden det brenn mest i Noreg, særleg i dagane mellom jul og nyttår. Difor, for å sikra at røykvarslarane virkar, oppmodar me om sjekka desse og å byta batteri på «Røykvarslardagen» den 1. desember.
Tilstrekkeleg med røykvarslarar
Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg. Du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal du kunna høyra tydeleg i alle opphaldsrom og soverom, sjølv om døra mellom romma er lukka.
Difor rår me til å kopla røykvarslarane i serie, noko som inneber at dei pip samstundes ved røykutvikling/brann i bustaden. Dette kan verta avgjerande og gje deg den tida du treng for å evakuera, til dømes dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vera med på å redda deg og familien din.
Test av røykvarslarar
Det er sjølvsagt avgjerande at røykvarslarane virkar til eikvar tid. Røykvarslarane bør ein testa jamleg, helst ein gong i månaden, og elles kvar gong du har vore borte over lengre tid. Dersom du i tillegg støvsugar dei jamleg, aukar du levetida for varslarane.
Aksjon bustadbrann
For å setja søkjelyset på brannsikringa i heimen, vil me gjennomføra «Aksjon bustadbrann» dette året òg. Me startar opp 4. desember og held fram ut veka. «Røykvarslardagen» innleiar denne aksjonen.
Representantar frå Kvam brann- og redningstenesta, feiartenesta står for gjennomføringa. Me vil banka på hjå om lag 100 husstandar i heradet og tilby informasjon og ein enkel sjekk av brann- og el-tryggleiken i bustaden, som omfattar fylgjande: - Varslingsutstyr - Sløkkjeutstyr - Elektriske apparat og anlegg - Eldstader og skorstein – Rømingstilhøve.
Tilbodet er gratis og uforpliktande. Kvart besøk tek omlag 30 minuttar og vil hovudsakleg gå føre seg ettermiddag og kveld for å treffa flest mogeleg heime. Kontrollen er ikkje eit normalt tilsyn, og det er heilt frivillig om ein vil ta i mot tilbodet om ein ekstra sjekk av branntryggleiken i heimen.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen sentralt.
Meir informasjon om førebyggjande brannvern finn du på facebooksida til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap: https://www.facebook.com/DSBNorge/