Brannøving i Tørvikbygd på laurdag

Laurdag 26. mars gjennomfører brannvesenet ei kontrollert nedbrenning av Augastadvegen 4 i samband med øving.

Føremålet er å øva brannmannskapa, slik at dei er best mogleg budd til å ivareta eigen tryggleik, samt effektivt begrensa og sløkkja bygningsbrann.

– Våre røykdykkarar må ha varme øvingar for å oppretthalda si godkjenning. Me er takksame for at me har tilgang til eigna bygg som gjev oss reell trening, seier brannsjef Torleif Ones.

Alle naudsynte løyve er henta inn, og det ligg føre ein plan for handsaming av avfall etter nedbrenninga. Brannvesenet har dispensasjon for brenning i samband med øvingar.

Brannvesenet i Kvam ber om forståing for at det er naudsynt å øva, og ber om orsaking for eventuelle forstyrringar folk i området vil kunna oppleva.

Øvinga vert gjennomført frå rundt 09.00 og utover dagen.