Bli sett! Hugs refleks!

Morten Brakestad / Trygg Trafikk Hausten er her, og Kvam herad oppmodar alle til å nytta refleks.

Over 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulukker på grunn av manglande refleksbruk. Det syner ei undersøking utført av TNS Kantar på oppdrag for Trygg Trafikk og SpareBank1 hausten 2017. Marginane mellom ei nestenulukke og ei alvorleg ulukke kan vera små.

Likevel viser tal frå Trygg Trafikk at berre 4 av 10 vaksne nyttar refleks. Då er det vert å hugsa på at ein bilist som køyrer i 50 km/t berre vil ha to sekund på å sjå deg om du ikkje har refleks, men har ti sekund på å reagere om du har det. 

Kvam herad oppmodar alle til bruk av refleks. Send gjerne denne oppmodinga vidare!