Arbeidet med innheising av betongdragarane som kaidekke skal fundamenterast på, vart utført over to dagar i forrige veke. Totalt vart det på desse to dagane løfta inn ca. 100 tonn, som var samla vekt på dei 8 dragarane.
Det var nødvendig med to lastebilar og samløft for å få dette til.
Etter at dragarar vart montert, er plattendekke (ferdigstøypte armerte element) lagt oppå desse.
Det pågår no arbeid med å binde saman dei ulike betongdelane med armeringsjarn. Det vert deretter arbeidd med å forskale kantar før toppdekke og resterande kai kan ferdigstøypast.
Arbeidet er noko forsinka i forhold til opprinneleg plan.
Me gjer merksam på at den nye kaien ikkje må nyttast!
Det er lagt ut sperremateriell og skilt som skal signalisere dette. Båtar må halde seg minimum 10 m frå kaifronten som er under bygging.