I oktober 2018 ba heradsstyret rådmannen om å leggja fram ein prosjektplan for rehabilitering og påbygg ved Øystese skule.
Administrasjonen si innstilling i saka vert no lagt fram for formannsskapet. I innstillinga vert det peikt på at skulen har utfordringar knytt til trafikkavvikling og drift fordelt på fleire bygg. - Det er mykje som taler for at skuledrifta bør avgrensast til eit bygg, og at infrastrukturen rundt skulen bør endrast, heiter det.
Rådmannen peiker også på at skulen grensar til andre kommunale bygg, og at framtidig behov og utvikling for desse også bør vurderast. Ho syner også til at arbeidet med ei moglegheitsstudie for Øystese sentrum skal starta opp i haust.
Vil sjå skulen i samanhang
Dette munnar ut i ei tilråding, der rådmannen går inn for å kartleggja eksisterande bygningsmasse og tekniske anlegg, miljøfarlege stoff i bygg som kan verta berørte av ombygginga, geotekniske tilhøve ved skulen og avklaring av særlege satsingsområde og krav skulen ynskjer og har behov for. Kostnadsramma for ei slik kartlegging vil vera på 0,6 millionar kroner, inkludert bruk av eigne ressursar. Rådmannen rår til at kartlegginga skal vera gjennomført innan januar neste år.
Rådmannen rår også til at ei opprusting av Øystese barneskule skal sjåast i samband med utvikling av infrastruktur sentralt i Øystese, til at arbeidet med ein ny reguleringsplan skal starta så snart som mogleg, og til at ein skal vurdera alternativ for mellomsbels læringsareal til mat og helse ved Øystese skule, i påvente av ei eventuell oppgradering og / eller utbygging.
Rådmannen rår frå vidare bassengdrift i Ålvik
I formannsskapsmøte skal ein også diskutera ulike modellar for vidare drift av bassenget i Ålvik, slik heradsstyret gjorde vedtak om i desember.
Å oppretthalda bassengdrifta, også etter at det nye Hardangerbadet vert opna i Øystese, har vore eit ynskje frå lokalsamfunnet. Rådmannen har vurdert fleire ulike alternativ. I saksutgreiinga konkluderer rådmannen med at å driva vidare i rein kommunal regi bør vera uaktuelt, då det vil medføra stor belastning på kommunebudsjettet for ei relativt lita teneste. Det har difor vore sett på ulike løysingar for drift i privat regi, eller i samarbeid med kommunen. Rådmannen konkluderer med at det er mykje som er uvisst med eit slikt samarbeid, med tanke på framtidige investeringskostnader, ansvarstilhøve og usikkerheit om føreseieleg drift og bruk. I tilrådinga heiter det vidare at det ikkje er funne midlar til drift og vedlikehald av budsjettet, lenger enn ut kalenderåret 2019.
Rådmannen rår difor til å oppretthalda det tidlegare vedtaket om å leggja ned bassenget i Ålvik, og til at symjeopplæringa vert gjeve i Hardangerbadet frå og med vårsemesteret 2020.
Du kan lesa formannskapspapira i sin heilskap i Kvam herad sin møteportal.