Badetassar tar tempen, og heradet testar Smartby-teknologi

Kvam herad, Kram kraftverk AS og Eidfjord kommune har fått høve til å delta i eit utviklingsprosjekt knytt til Smartby-teknologi. To pilotprosjekt er sett i gang: Gratis gjestenett, og to badetemperatursensorar.

Badetassane sin rapport om badetemperatur ettermiddagen 24. juni. Kva er temperaturen no? Sjekk sjølv!

Kvam kraftverk har fått hjelp til oppsett frå Lyse / Altibox / Bergen Fiber. Det er Lyse og Bergen Fiber som har teke initiativ til utviklingsprosjektet. 

Så langt er to pilotprosjekt kome i gang: Det fyrste er gratis gjestenett. Her har ein fått tildelt to gratis gjestenettsendarar. Den eine er montert ved turistinformasjonen i Steinsdalen, og har eit dekningsområde omlag 150 meter rundt sendaren. Seinare vil det verta vurdert å plassera ein sendar til i området, for å få betre dekning. Den andre sendaren vil verta sett opp ved kaianlegget i Norheimsund.

Dersom dette er ein suksess, vert det vurdert utviding til torget og badestranda i Norheimsund, samt til fartøyvernsenteret, og deretter til andre bygder i Kvam.

Gjestenettet heiter AIRA PUBLIC WIFI, og ein kan logga seg på via ei kode ein får tilsendt til mobiltelefon.

Badetassar

Nettverksløysinga Lorawan vert også testa ut. Dette er ei løysing som gjer det mogleg å nytta ei rekkje forskjellige sensorar til ulike føremål for kommune, kraftverk, verksemder og private. Ein Lora-sender har om lag 14 kilometer rekkevidde, og innanfor dekningsområdet kan ein nytta sensorar som sender data om miljø, bygg, vatn, veg osv. Samanlikna med mobilnett er både sambandskostnadene og sensorkostnadene lågare. 

Som ein pilot har to sensorar vorte skaffa, "badetassar" som sender badetemperatur kvart 30. minutt. Badetemperaturane frå Kvam vert presentert på ei eiga side på smartby.no. Det vert vurdert å ta i bruk sensorar knytt til veg (snø, vatn, vegtemperatur), bygg (temperatur, luftkvalitet, alarmar mm) og innan vatn og avlaup (trykkmåling, nivåmåling mm). Kvam kraftverk kjem og til å nytta systemet til overvaking av anlegga sine. Vert dette ein suksess i sentrale strøk, kan dekninga koma til å bli utvida til heile kommunen.