Ein tertialrapport har som føremål å vurdera budsjettrammene, både frå endringar i statsbudsjettet og på bakgrunn av endringar innan drift og investering på bakgrunn av prognosearbeid.
Rådmannen skriv i innleiinga at ho aldri tidlegare har vorte bort i ein tertialrapport med større rørsler på både inntekts- og utgiftssida. Den desidert største er grunna rekordhøge prisar på heimfallskrafta, noko som bles opp både inntekter og utgifter. Grunna høg skattlegging på heimfallskrafta er nettoauka i resultat likevel ikkje så stor.
Koronapandemien har også sett preg på 2022, ikkje minst på grunn av høgt sjukefråver i etterkant av at restriksjonane vart oppheva. Tala i tertialen vart laga før revidert nasjonalbudsjett vart lag fram, og endringar på bakgrunn av dette kjem difor fyrst med i andre tertial. Rådmannen peiker i innleiinga likevel på det ho meiner er eit uheldig signal til kommunane om at garantien for dekking av utgifter i samband med pandemien no skal vurderast på ny.
Også krigen i Ukraina får konsekvensar for Kvam herad sine budsjettprognosar og for kommunen sine oppgåver, ikkje minst knytt til mottak av flyktningar. Kor store konsekvensane vert er framleis uvisst. Førebels har inntekter og utgifter auka tilsvarande, slik at nettoendringa er låg.
Kraftinntekter får stor innverknad
Kvam herad er i utgangspunktet ikkje nokon stor kraftkommune. Kraftprisane bidreg no likevel til at kraftinntektene påverkar budsjettet monaleg, og bidreg til ei resultatforbetring på 18,3 millionar kroner, frå eit underskot på 1,3 millionar kroner til eit netto driftsresultat på over 17 millionar kroner.
Det medfører samstundes at underskotet i kommunen hadde auka med 26 millionar kroner utan auka i kraftinntekter. Rett nok er ein stor del av dette også knytt til auka straumutgifter (over fem millionar kroner), samt til utgiftsauker som indirekte heng saman med auka straumprisar og inflasjon.
I tillegg ser heradet at talet på ressurskrevjande brukarar innan pleie, omsorg og oppvekst er i auke, noko som medfører at behovet for bemanning også veks. Krav til særskilt norskopplæring og fastlegar, fører til ytterlegare utgiftsauke. Til trass for desse utgiftspostane, føresler rådmannen likevel ei ytterlegare auke, gjennom å pausa nokre av innsparingstiltaka i 2022. I tillegg føresler ho å leggja inn ei 100% stilling som kvalitetskoordinator (knytt til såkalla Lean-arbeid) og å tilsetja ei miljøkoordinator i 100% engasjement i eitt år. Bakgrunnen er at ho meiner at naudsynt utviklingsarbeid innan organisasjonen og på klima/miljøfeltet ikkje går så fort som det er trong for.
Auka investeringbudsjett
Tertialen syner også ei stor endring på investeringsbudsjettet, med om lag 123 millionar kroner i auka investeringsutgifter. Dei reelle endringsframlegga i samband med tertialen er likevel lågare. Det meste av endringane er alt lagt fram til politisk handsaming som eigne saker. Det gjeld til dømes for auken i ramma på husbanklån, og til NAV-kontor og brannstasjon. Ei av aukene som vert føreslege no, er å auka ramma til asfaltering. Her har prisen gått kraftig opp, noko som inneber at omfanget må reduserast dersom ramma ikkje vert auka.
Rådmannen har fullmakt til kjøp av bustader på inntil 10 millionar kroner per år. Vanlegvis vert denne fullmakta lite nytta, men i år er det kjøpt tre bustader til utleige til ulike føremål, og det kan vera aktuelt å kjøpa eit par til. For å ta høgd for dette, er det føreslege å auka ramma til 16 millionar kroner i 2022, gjennom å redusera med to millionar kroner årleg frå resten av den fireårlege økonomiplanperioden.
Høve til å ta grep
I innleiinga til tertialrapporten skriv rådmannen også at kommunen ser ut til å kunna handtera dei store endringane me står i utan at stramme økonomiske rammer vert ein ekstra stressfaktor. Ho meiner difor at kommunen no har høve til å ta ekstra grep for å møta framtidige utfordringar, knytt til klima, demografi (folketalsutvikling) og økonomi, gjennom å tilføra ekstra ressursar no.
Tertialrapporten kan du sjølv lesa via verktøyet Framsikt. Han skal handsamast av formannskapet 8. juni og i heradsstyret 14. juni.
Oppdatering, 23. juni: Lenkjene er oppdatert etter heradsstyrevedtak, slik at det vert lenkja til tertialrapporten med oppdaterte tabellar i tråd med vedtaket.