Asfaltarbeid på anlegg Sandvenhagen - Sæland

onsdag 10. og torsdag 11. mai.

Asfaltering 10. - 11. mai

Det vert utført asfalt-arbeid i tidsrommet:

  • Onsdag 10. mai frå kl. 15.00 til kl. 00.30
  • Torsdag 11. mai frå kl. 15.00 til kl. 00.30

TB anlegg som utfører arbeidet oppmodar alle som er avhengig av å nytta bil til/ frå eigedomar om å parkere bilen utanfor anlegget.

Det må påreknast lang ventetid for å passere anlegget.

Ein oppmodar alle trafikkantar om å visa tolmod og at ein rettar seg etter signal frå trafikkdirigent.

Dersom ein må køyrer forbi anlegget ber ein om at ein avpassar farten og tek omsyn til dei som arbeider der!

Framdrift

  1. Det er fyrste lag med asfalt som vert lagt 10. og 11. mai.
  2. Etter at fyrste lag er på plass, blir det støypt kantar for fortau, fortaus-areal blir fylt opp med pukk og grus før det blir lagt eit lag med asfalt på fortau.
  3. Til slutt får hovudvegane eit slitelag med 5 cm asfalt.

Nytt varsel om redusert framkomst og ventetid vert sendt ut før legging av slitelag.

Kvam Herad og TB anlegg beklagar ulemper og støy arbeidet medfører.

Asfaltering Sandvenhagen - Sæland