Arealplan og produksjonskjøken i heradsstyret

8. oktober går det siste heradsstyremøtet i inneverande periode av stabelen. Blant sakene på sakslista er kommuneplanen sin arealdel og etablering av produksjonskjøken.

Utsnitt frå plankartet  

Arbeidet med kommuneplanen sine arealdel har vore langvarig og omfattande. Frå 3. mai til 14. juni låg planen på ny ute til avgrensa høyring, og det kom inn nesten 30 innspel. 

Eit av punkta det har vore usemje om er akvakulturområdet ved Kvamsøy. Her vart det utarbeidd eit tilleggnotat til ABO sin rapport om akvakultur, eit notat som også er tilgjengeleg i sakspapira. Ei rekkje offentlege instansar hadde innvendingar mot plasseringa av akvakulturområde ved øya, men desse motsegnene er no trekte. Sist ut var Fylkesmannen, som kommunen oppnådde semje med i eit dialogmøte 17. september. I dette møtet aksepterte Fylkesmannen akvakulturområdet ved Kvamsøy - også omtala som AK27, med ei anna plassering (sjå kart under) enn den som fyrst var føreslegen. Fylkesmannen aksepterte også byggegrensa til sjø, men heldt fast på at forlenging av Damvegen i Ålvik måtte fjernast.

Det nye forslaget til plassering av akvakulturareal ved Kvamsøy 
Då saka vart lagt fram for formannskapet 1. oktober låg det framleis inne motsegn til planen frå fylkeskommunen, der saka har vore handsama i utval for kultur, idrett og regional utvikling. Dette gjeld blant anna avgrensning av kulturminne på Straumhaugen og ved Øysteseheimen. Formannskapet si tilråding til formannskapet var å imøtekoma desse motsegnene. Det er også formannsskapet si tilråding til heradsstyret.

Formannskapet har lagt fram følgjande tilråding til heradsstyret:

  • Kvam heradsstyre vedtek kommuneplanen sin arealdel 2019 – 2030 i tråd med vedlagte planomtale, føresegner, plankart med arealføremål og plankart med alle tema.
  • Næringsområde N18 vert justert etter dispensasjon for produksjonshallen, omriss for produksjonshall + 2 meter.
  • Nytt næringsområde N69 etter dispensasjon for produksjonshallen, omriss for produksjonshall + 2 meter.

Fleirtalet på fem fulgte rådmannen si innstilling også når det gjeld akvakulturområde ved Kvamsøy. Eit mindretal på fire ynskte at AK27 skulle ha same føremål som i førre arealplan, som FNFF-område (fiske, ferdsel, natur og friluftsliv). 

Sakspapira i kommuneplansaka er tilgjengelege i Kvam herad sin møteportal.

Produksjonskjøken

Blant dei andre sakene som skal opp i dette siste heradsstyremøtet i inneverande periode er etablering av eit produksjonskjøken i kommunal regi. Her rår formannskapet til at rådmannen får fullmakt til å starta opp eit prosjekt med mål om etablera eit slik kjøken innan 1. mars 2020, i tråd med tidlegare heradsstyrevedtak. Formannskapet rår også til at oppstartsprosjektet får ei ramme på to millionar kroner, finansiert frå disposjonsfondet.

Sakspapira er tilgjengelege i møteportalen, der ein også finn resultat frå brukarundersøkinga som er gjennomført med utgangspunkt i det noverande tilbodet. Den syner at omlag 3 av 4 brukarar er nøgde eller svært nøgde med det noverande tilbodet, men også at det finst fleire forbetringspunkt. I møteportalen ligg også resten av sakspapira til heradsstyremøtet. Nedst i denne artikkelen kan du også bla gjennom innkallinga og tilleggsinnkallinga til møtet.

Nytt heradsstyre

Det nye heradsstyret trer saman 15. oktober, og skal då konstituera seg. Du finn ein oversikt over kven som skal sitja i det nye heradsstyret på valsidene våre. Sakspapira til dette møtet finn du også i møteportalen.

Innkalling til heradsstyremøtet 8. oktober:

Tilleggsinnkalling: