Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Alice i draumeland 13. og 14. mars står Kvam kulturskule klar med framsyninga av Alice i Draumeland i Øystesehallen.
Ny Skyss app frå 9. mars Skyss kjem med ein heilt ny app der ein kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.
Datainnbrot hos Telia Norge Onsdag 4. mars mottok Kvam herad informasjon frå Telia Norge AS om datainnbrot.
Kraftfondet 2026 Etter mellombels stogg i løyvingar i 2025 har Heradsstyret opna for ny søknadsrunde i 2026.
Rådmannen sitt framlegg til ny kommunedelplan for Kvamskogen Politikarane skal ta stilling til om framlegget skal sendast på høyring i FSK møte 12. mars 2026.
Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn i Kvam? Barnehagane i Kvam søkjer deg!
Vedlikehald av Vik bru, Sjusetevegen Fv5120 Vegen er opna for trafikk igjen, arbeidet er venta ferdig i løpet av februar.
Kva skjer i Kvam? Startar vinterferien i dag? Få med deg det som skjer av aktivitetar og arrangement i heradet.