Ny Skyss app frå 9. mars

Skyss kjem med ein heilt ny app der ein kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.

illustrassjon av gamalt app ikon til nytt app ikon - Klikk for stort bilete

 

Endringa vil påverke kollektivbrukarar i heile Vestland, inkludert i kommunar der Skyss tilbyr bestillingstransport. 

Fakta om appen:

  • Den nye appen heiter Skyss
     
  • Den er ei samanslåing av tre appar: Skyss Reise, Skyss Billett og Skyss Bestilling
     
  • Alle som har den gamle appen Skyss Reise på mobilen sin, vil motta den nye appen automatisk gjennom ei oppdatering 
     
  • I ny app kan ein både planlegge kollektivreisa og betale for billetten, for alle reiser med Skyss (bybane, buss og båt) i heile Vestland fylke
     
  • Ein kan bruke den gamle appen Skyss Billett ei stund til. Dersom du har ein gyldig billett i Skyss Billett, kan du vente til denne går ut før du begynner å kjøpe billettar i ny app.
     
  • Ein kan ikkje flytte billettar frå Skyss Billett til ny Skyss-app. Ein får heller ikkje flytta opparbeidd reiserabatt frå den gamle til den nye appen.
     
  • Appen Skyss Bestilling vil også fungere parallelt med den nye appen ei tid framover, slik at ein kan velje om ein vil bruke Skyss eller Skyss Bestilling for å bruke bestillingsbuss i dei områda som har dette.

 

Av tekniske grunnar vil ikkje alle brukarar få oppdatering til den nye appen på sjølve 9. mars. 

Utsendinga av ny app vil skje over ein to-vekers-periode. iPhone-brukarar treng ikkje å vente på tur, men kan sjølv velje å laste ned den nye appen frå Appstore.

 

Bli betre kjent med den nye Skyss appen her: skyss.no/app

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.