18 prosjekt kjempar om å bli årets skulebygg 2026

No startar den offentlege avstemminga

Bilete av Kvam vgs og kulturhus - Klikk for stort bilete Torgeir Kinne Solsvik

 

Kva skuleprosjekt representerer det besta innan norsk skulearkitektur akkurat no?

18 nye og ombygde skuleprosjekter frå heile landet er nominert til prisen “Årets skolebygg 2026”, og frå 2. til 16. mars kan både fagmiljø, lokalsamfunn og publikum vera med og stemma frem sin favoritt.

Vinnaren vert kåra 23. april under Nohrcons konferanse i Oslo om framtidas skulebygg.

Prisen Årets skolebygg løftar fram prosjekt som kombinerer arkitektonisk kvalitet med pedagogisk forståing, og som bidrar positivt til lokalmiljøet – og årets kandidatfelt syner bredden i dagens skuleutvikling. 

Dei nominerte til årets skulebygg 2026:

  • Aursmoen skole, Aurskog-Høland kommune
  • Cissi Klein VGS, Trøndelag fylkeskommune
  • Fillan skole, Hitra kommune 
  • Finnsnes barneskole, Senja kommune
  • Fjære barneskole, Grimstad kommune
  • Folkeparken skole, Kristiansund kommune
  • Frakkagjerd ungdomsskole, Tysvær kommune
  • Haraldsvang ungdomsskole, Haugesund kommune
  • Hartvig Nissens skole, Oslo kommune
  • Hessa skole, Ålesund kommune
  • Hokksund barneskole, Øvre Eiker kommune
  • Husnes barneskule, Kvinnherad kommune
  • Hyen skole, Gloppen kommune
  • Kvam VGS, Vestland fylkeskommune
  • Sofiemyr skole, Nordre Follo kommune
  • Stord VGS, Vestland fylkeskommune
  • Trondheim katedralskole, Trøndelag fylkeskommune
  • Vilberg barneskole, Eidsvoll kommune

 

Les meir og stem på Nohrcons sine sider

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.