Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Tilskot til arrangement i friluftslivets år Arrangørar/lag og organisasjonar i Kvam kan søkja tilskot til arrangement i friluftslivets år 2025.Frist : 5.12.25.
Nattestenging: Folkedal natt til fredag 14/11 Fv.79 Øystese - Granvin vert nattestengt frå torsdag kveld - fredags morgon i veke 46.
Kvam herad deltek i europeisk demokratiseringsprosjekt Ein delegasjon frå eining for samfunnsutvikling er tilbake frå ei lærerik og inspirerande veke i Barcelona, der Kvam herad har delteke i oppstarten av ...
Budsjettframlegg for 2026 I heradsstyremøtet 7.11.25 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2026 og økonomiplan 2026-2029 presentert.
Gravearbeid Oma – Åse GBS Entreprenør AS skal skifta ut stikkrenner for Kvam herad like nedanfor Oma - Åse nr 131.Gravearbeidet blir utført i veke 46.
Sterke fellesskap – Ung i Kvam 2026-2027 Korleis kan lokalsamfunnet arbeida saman for å byggja sterke fellesskap for barn og unge?
Referat frå møte i Råd for menneske med funksjonsnedsetting (RMF) i Kvam 30. oktober 2025 var det planlagt møte med RMF og organisasjonane.
Kommunedelplan helse og omsorg – oppstart og høyring Kvam herad legg planprogram for kommunedelplan for helse og omsorg på høyring, og melder samstundes oppstart av ny kommunedelplan for helse og omsorg ...