Frå scena under Ungdomskonferansen 2025
I 2023 vart Kvam kåra til årets ungdomskommune, som er ein pris til ein kommune som utmerkar seg i arbeidet for retten barn og unge har til deltaking og medverknad i lokalsamfunnet. I 2024 hadde Kvam ungdomsråd eit prosjekt som heitte «Sterke fellesskap – Ung i Kvam 2024». Der sette ungdomsrådet, ungdom i Kvam og vaksne seg inn i funn i Ungdata-undersøkinga og drøfta desse.
Under demokrativerkstaden i Holmatun i oktober 2024 prioriterte ungdomar i Kvam desse tema som dei viktigaste at ungdomsrådet jobbar med dei næraste åra:
- Psykisk helse
- Medverknad og inkludering
- Skuletrivsel

«Sterke fellesskap» og desse tre temaa var også hovudtema under den nasjonale ungdomskonferansen i Øystese i september 2025, som ungdomsrådet og Kvam herad var vertskap for.
Framover mot 2026 og 2027 ønsker ungdomsrådet og Kvam herad å vidareutvikla og utvida Sterke fellesskap-prosjektet ved å invitera med fleire aktørar i lokalsamfunnet på lag for å utvikla strukturar, tiltak, aktivitetar og møteplassar der me, på kvart vårt vis, fremjar psykisk helse, medverknad og inkludering, skuletrivsel.

Det nye prosjektet heiter «Sterke fellesskap – Ung i Kvam 2026-2027». Det er heilt i startgropa, og korleis me konkret jobbar vidare med dette i 2026, er noko me må finna ut saman. Kvam herad har søkt skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren i Vestland til prosjektet. Uansett om me får midlar eller ikkje, så er dette eit prioritert prosjekt i Kvam herad, men om me får skjønnsmidlar, vil me ha meir ressursar til å skapa tiltak, møteplassar, strukturar og arrangement.
I 2022 fekk Kvam herad råd frå kompetansemiljø innan trygt og godt skulemiljø om å arbeida meir med aktivitetsplikt og kartleggingar etter opplæringslova, og med «24-timars-barnet» og det samfunnsansvaret som ligg på alle for å byggja rammer for korleis me skal vera mot kvarandre. Sidan 2022 har det vore arbeidd mykje med aktivitetsplikt og kartleggingsverktøy knytt til trygt og godt skulemiljø, og no i 2025 er me komne dit at me er klare for å utvida utviklingsarbeidet til å gjelda «24-timars-barnet». Me ønsker å utforska korleis «Sterke fellesskap – Ung i Kvam 2026-2027» kan vera Kvam sin modell for å skapa felles forståing, kultur, ansvar, møteplassar og strukturar for godt oppvekstmiljø og for korleis me som lokalsamfunn arbeider med denne strategien frå oppvekstplanen:
Trygt barnehage- og skulemiljø er eit felles ansvar. Føresette, fritidsaktørar, andre vaksne i lokalsamfunnet og barnehage/skule samarbeider for å skapa trygt og godt oppvekstmiljø.