Budsjettframlegg for 2026

I heradsstyremøtet 7.11.25 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2026 og økonomiplan 2026-2029 presentert. 

Bilde av rosa soloppgang sett frå Kvam rådhus - Klikk for stort bilete

________

Budsjettframlegget skal handsamast politisk i komande møtebolk. 

Det vil seia at formannskapsmøte skal handsama saka 27. november. Endeleg vedtak kjem i heradsstyremøte 11. desember. 

I tillegg skal formannskap inkl. gruppeleiarar ha eit arbeidsmøte 13.11.25. 

Framlegget er utarbeidd i Framsikt, som du finn på denne lenkja: 

Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

 

Det er laga ein pdf-versjon av budsjettet. Kvam herad - Budsjett og økonomiplan 2026-2029 (L)(499497).pdf (PDF, 7 MB)

Dokumentet manglar informasjonen om tiltak og prosjekt som kjem fram som “sprett-opp-vindauga” i nettversjonen.

Til hjelp i det politiske arbeidet med budsjettet og ev. endringsframlegg, er det laga eit tilsvarande excel-ark som for tidlegare år. Endringsforslag DRIFT og INVESTERING 2026-29.xlsx (XLSX, 21 kB)

I tillegg til sjølve budsjettdokumentet, er det ei rekkje sakspapir som vert tilgjengeleg i møteportalen frå 17.11.25. Sakspapira vert tilgjengelege i møteplanen til Kvam herad, når innkallinga til møta er klare. Møteplanen finn du her: 

Møteplan 2025 - Kvam herad - Nettsider for Kvam herad

 

Tidlegare budsjett og økonomiplanar finn du her: Budsjett og økonomiplan - Nettsider for Kvam herad

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.