Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Trygg trafikk kampanje desember Kvam herad er eit trafikksikkert herad. Kvar månad har me fokus på eit tema innan trygg trafikk. I desember er tema: Rus og trafikk.
Kvam formannskap si tilråding til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 I tråd med kommunelova skal formannskapet si tilråding når det gjeld budsjett 2026 og økonomiplanen for 2026- 2029 leggast ut til offentleg ettersyn.
Beredskapsøving 21. november - ei oppsummering Fredag 21.11.25 gjennomførte Kvam herad beredskapsøving i samarbeid med Elkem ASA Bjølvefossen, Helse Bergen, politiet og frivillige organisasjonar. M...
Møte i Kvam formannskap 27. november Torsdag kl 09.00 startar møte i Kvam formanskap. Saker og kommune-TV lenke finn du her.
Kulturprisen 2025 til "guttane" Kvam herad deler ut kulturpris som takk for verdfullt kulturarbeid i heradet. I år går den til “guttane” i Ålvik.
Kva skjer i Kvam? Kvam har eit rikt lag- og organisasjonsliv med mange spanande aktivitetar og arrangement. For deg som anten bur her, er på besøk eller nett er flytt t...
Fjord- og fjellfondet Beløpet på tildelinga er dobla i år, frå kr 300 000 til 600 000. Søknadsfristen er 31.desember
Ny veg opna på Tolo – betre og sikrare tilkomst! Onsdag 19. november opna Kvam herad den nye vegen på Tolo. Denne veka opnar gang- og sykkelvegen att.
Beredskapsøving i Kvam herad Fredag 21. november gjennomfører Kvam herad ei større beredskapsøving i samarbeid med Elkem ASA Bjølvefossen, Helse Bergen, politiet og frivillige org...