
Øvingsscenario
Det fiktive scenarioet er ein brann med fare for eksplosjon ved Elkem Bjølvefossen. Politiet vil i øvinga ta avgjerd om å evakuere delar av Ålvik, men dette skal ikkje skje i praksis.
Nødetatane vil øva på innsats ved fabrikken, og Elkem øver på sitt interne beredskapsarbeid.
Joanna Hajdasz
Kommunen si rolle
Kvam herad skal:
- Øva på å ta i mot evakuerte og pårørande i Øystese
- Aktivera og øva kommunen si kriseleiing
- Øva på krisekommunikasjon og samarbeid med andre aktørar
Det er henta inn markørar som skal spela rolla som evakuerte og pårørande for å gjere øvinga mest mogleg realistisk.
Viktig å veta!
- Dette er berre ei øving – det er ingen reell fare.
- Det vil vere auka aktivitet i Ålvik og Øystese, med utrykkingskøyretøy og øvingspersonell.
Kvifor øver me?
Øvinga skal styrke kommunen si evne til å handtere alvorlege hendingar, sikre god samhandling med nødetatar, frivillige lag og organisasjonar, og andre samarbeidsaktørar. I tillegg skal det øvast på å gje trygg og tydeleg informasjon til innbyggjarar, pårørande og andre.
Spørsmål?
Ta kontakt med:
Astrid-Anett Steine, beredskapsansvarleg
E-post: asso@kvam.kommune.no Telefon: 994 28 606
Svein Valland Laupsa, beredskapskoordinator
E-post: svelau@kvam.kommune.no Telefon: 977 77 987
Rådhuset vert stengt mellom kl 09 -12 grunna øvinga.