Kvam formannskap si tilråding til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

I tråd med kommunelova skal formannskapet si tilråding når det gjeld budsjett 2026 og økonomiplanen for 2026- 2029 leggast ut til offentleg ettersyn.

Kvam formannskap si tilråding ligg ute til offentleg ettersyn fram til Kvam heradsstyre sitt møte 11.12.2025.

Kvam formannskap handsama sak 072/25 Kvam herad - budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 i sitt møte 27.11.2025. Det vart fremja tre budsjettframlegg i møtet. Eit frå Kvam Senterparti, eit frå Kvam Høgre og eit fellesframlegg frå partia: Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, og Kristeleg Folkeparti (Fleirtalskonstellasjonen). Fellesframlegget frå fleirtalskonstellasjonen vart vedteke med 5 røyster. Senterpartiet sitt framlegg fekk 1 røyst (frå SP). Høgre sitt framlegg fekk 3 røyster (Høgre 2 og SV 1).  Du finn alle dei ulike framlegga i møteprotokollen til formannskapet: Møteprotokoll FSK 27.11.2025 (PDF, 715 kB)

Du finn tilrådinga frå Kvam formannskap til saka 072/25  budsjett 2026 og økonomiplan for 2026- 2029 ved å gå inn på denne lenkja: Tilråding Kvam formannskap sak 072/25 budsjett 2026 og økonomiplan for 2026-2029. (PDF, 176 kB)

Kvam formannskap handsama også sak 073/25 om forskrift om eigedomsskatt for Kvam herad 2026 og sak 074/25 Prisar og gebyr i sitt møte.

Du finn tilrådinga til sak 073/25 ved å gå inn på dessee lenkjene : Tilråding Kvam formannskap sak 073/25 forskrift for eigedomsskatt 2026 (PDF, 33 kB) 

Vedlegg til saka eigedomsskatt 2026

Tilrådinga frå formannskapet i sak 074/25 Prisar og gebyr finn du ved å gå inn på denne lenkja her: Tilråding Kvam formannskap sak 074/25 Prisar og gebyr (PDF, 134 kB)

Rådmannen sitt framlegg til vedtak i dei ulike sakene finn du ved å gå inn på desse lenkjene her: 

Har du innspel til saka budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029? 

Eventuelle innspell til budsjett 2026 og økonomiplan 2026- 2029 blir registrert på saka, men ikkje svara ut. Dersom du ønskjer å senda inn innspel, så kan du senda dette inn per e-post til: postmottak@kvam.kommune.no     

Merk e-post med: Innspel budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.