7 prosent i Kvam har vore bekymra for eit barn på grunn av foreldra si drikking

Illustrasjonsbilete: Stillbilete frå ein av Av-og-til sine kampanjefilmar.– Tenk over kor mykje du drikk i jula, så slepp barna å gjere det, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

I ei fersk undersøking som analysebyrået Ipsos har gjort på oppdrag frå Av-og-til, seier 7 prosent av innbyggjarane i Kvam at dei det siste året har vore bekymra for eit barn dei kjenner, på grunn av alkoholbruken til foreldra.

– Desember er den månaden det blir kjøpt mest alkohol i Noreg. I desse dagar sit det barn på norske skular og er spente på korleis jula vil bli for dei. Kor mykje kjem mamma til å drikke på julaftan? Blir det krangling i jula i år? Jula har òg ei vond og vanskeleg side for mange, seier Eriksrud.

Eit forstørringsglas på følelsane

Reidun Braut Kjosås jobbar som folkehelsekoordinator i Kvam herad. Ho oppmodar folk om å vise omsorg for barn som kanskje opplever at nokon i familien drikk for mykje i jula.

– Jula er som eit forstørringsglas på følelsane våre – også for barna. Det som er fint, blir ekstra bra, og det som er vanskeleg, blir ekstra vondt. Vi hugsar jo sjølve kor vi gledde oss til jul då vi var små. Då kan det vere ekstra vondt og vanskeleg dersom jula blir prega av at dei vaksne drikk. Ser du barn som slit, bør du ta kontakt med dei og vise at du bryr deg, tilrår Kjosås.

Auka sal av alkoholfritt

Dei som jobbar med rusførebygging i kommunen er på plass på Vinmonopolet i Norheimsund den siste fredagen før jul for å fremje alkoholfrie alternativ.

- Det finst masse godt alkoholfritt som passer til julematen her, det blir helt klart jul sjølv om ein vel bort akevitten, seier Kjosås.

Å vere til stades på Vinmonpolet har blitt ein juletradisjon for rusteamet, som har vore på plass dei siste tre åra. Dei gler seg over utviklinga den siste tida.

- Polet i Norheimsund har auka sitt sal av alkoholfrie varer det siste året, og det er positivt. Forhåpningsvis betyr det at færre barn opplever at foreldra drikk for mykje i jula, og at færre vaksne treng å bekymra seg for eit barn.

For Vinmonopolet er det en del av samfunnsoppdraget å legga til rette for Av-og-til sin stand, seier butikksjef Britt Ingvild Torvik. Me har eit særleg ansvar for å driva vår verksemd i tråd med alkoholpolitiske målsetnadar og i samsvar med alkohollova og vinmonopollova.

Kor mange glas toler barnet ditt?

Eriksrud i Av-og-til synst det er bra at salet av alkoholfritt har auke, men har eit viktig bodskap til dei som vil halde på akevitten i jula.

– Når vi vaksne tenkjer at det er ekstra god stemning, snakkar vi kanskje litt høgare enn vanleg eller blir litt raude i kinna. Men barna synest ofte det er ekkelt og ubehageleg når mamma eller pappa forandrar seg. Derfor oppmodar vi alle foreldre om å stille seg sjølv dette spørsmålet: Kor mange glas toler barnet mitt?

Tre råd frå Av-og-til

Dette kan du gjere dersom du ser eit barn som slit på grunn av alkoholbruken til dei vaksne:

  1. Vis at du bryr deg. Spør barnet korleis det går, og om det er noko du kan gjere for han eller henne.
  2. Snakk med andre. Sei gjerne frå til foreldra eller snakk med andre vaksne som kjenner barnet. Ser dei det same som deg? Kva kan de gjere for å hjelpe?
  3. Ta grep. Inviter gjerne med barnet med på aktivitetar eller andre ting for å gi det positive opplevingar. Er du bekymra, kan du òg ta kontakt med alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Her kan du uforpliktande lufte tankane dine med fagpersonar.

Kva er ein Av-og-til-kommune:

Kvam er éin av 55 Av-og-til-kommunar. Det betyr at kommunen jobbar for alkovett i situasjonar der alkohol kan vere til fare eller ulempe for ein sjølv eller andre. Av-og-til-kommunane samarbeider med Av-og-til og ei rekkje lokale aktørar.

Reidun Braut Kjosås
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 91 73 75 15