31. oktober: Oppdatering om leiteaksjonen i Tokagjelet

Kvam herad fekk i dag, sundag, melding frå leiinga i politiet om at det er gjort nytt funn i søket etter omkomne.

Ordførar Torgeir Næss takkar profesjonelle og frivillige for at leitinga har ført fram, og for vidare innsats i søkearbeidet etter den siste sakna. Han ynskjer og at dei pårørande skal vita at eit heilt lokalsamfunn i Kvam har medkjensle med dei i denne tunge tida.