2. november: Oppdatering om leiteaksjon i Tokagjelet

I samband med tysdagens søk etter den siste sakna personen etter ulukka i Tokagjelet, har politiet gjort funn av ein omkomen person. 

På ein pressekonferanse ved Kvam politistasjon i ettermiddag opplyste innsatsleiar i Vest politidistrikt at den omkomne vart funne ved hjelp av dronesøk nedst i Tokagjelet.

Det var Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68) som vart meldt sakna 24. oktober. Det skjedde etter at dei skulle kryssa Langvotnevatnet i båt, og båten vart teken av straumen og ført i retning Tokagjelet. Alle dei tre var busette på Askøy.

I helga vart to personar funne omkomne, og tysdag føremiddag stadfesta politiet at desse var blant dei sakna. No er altså også ein tredje person funnen omkomen. Under ein felles pressekonferanse med politiet i kveld, uttrykte ordførar Torgeir Næss på ny medkjensle med dei etterlatne og med heile Askøy-samfunnet.

Han sa vidare at han var letta over at alle dei tre sakna no er funne.

Næss rettar ein takk til leitemannskapa, som i over ei veke har utført ein vanskeleg og krevjande jobb.

– Mannskap frå politi og brannvesen, frå Raudekrossen si elveredningsgruppe og frå Hordaland alpine redningsgruppe fortener ein stor takk for innsatsen. Det same gjer andre som på ulike måtar har stilt opp desse dagane, både profesjonelle og friviljuge.

Pressekontakt:

  • Spørsmål om leiteaksjonen kan rettast til politiet sin pressevakt på tlf. 55 55 66 29.
  • Spørsmål om kommunane sitt arbeid kan rettast til ordførar Siv Høgtun i Askøy kommune på tlf. 481 95 342, og til ordførar Torgeir Næss i Kvam herad, på tlf. 402 45 840.