Trygg trafikk kampanje desember
Kvam herad er eit trafikksikkert herad. Kvar månad har me fokus på eit tema innan trygg trafikk. I desember er tema: Rus og trafikk.

Kven køyrer deg heim frå julebordet? Julefesten? Romjulsfesten? Nyttårsfesten?
- Rus + bil = La bilen stå.
- Planlegg trygg transport heim med taxi eller ein edru sjåfør
- Sei i frå dersom nokon vurderer å køyra rusa.
- Varsla politiet ved mistanke om ruskøyring – det kan redda liv.
Vel heim!
Les meir om Kvam herad som trafikksikkert herad her.
Publisert av Connie Langeland
Sist endra 03.12.2025 12:37