Tilskot til friluftsarrangement - Nettsider for Kvam herad

Tilskot til friluftsarrangement

Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja tilskot til friluftsarrangement i Kvam i 2026.

Kvam herad søkte og fekk tilskot frå Bergen og omland friluftsråd (BOF) til friluftslivets år 2025, og har ein restsum kr 20 000 til fordeling i 2026.

Arrangørar (med organisasjonsnummer) /lag og organisasjonar i Kvam herad kan søkja tilskot til gjennomføring av friluftsarrangement i Kvam i 2026.

  • Friluftsarrangementet må marknadsførast, vera gratis og ope for alle
  • Det er ikkje søknadsskjema, men søknaden må innehalda kort skildring av tiltaket og kva ein søkjer tilskot til, samt budsjett. Merk søknaden med sak 25/559 og send til postmottak@kvam.kommune.no 
  • Tilskot vert gjeve til transport, annonsering, innkjøp av utstyr, mat osb. til arrangementet. Det vert gjeve inntil kr 5 000 i tilskot.
  • Privatpersonar kan ikkje søkja
  • Frist for å søkja : Fortløpande inntil tilskotspotten er fordelt
  • Tilskottet vert utbetalt etter innsending av rapport etter arrangementet er gjennomført.

 

Informasjon om ordninga: Leiar for kultur og fritid Mary Ann Sørheim 954 07 710

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.