Straumstøtteordning for lag og organisasjonar

Føremålet med ordninga er å motverke negative konsekvensar av høge straumpirsar i frivillig sektor. Søknadsskjema for fyrste kvartal opna kl 9 17. april og vil stengja 15. mai kl 13.

Tekst: Straumstøtte og halvparten av ei grafisk Kvam herad rose - Klikk for stort bilete

 

Mål og målgruppe for tilskotsordninga

Tilskotsordninga gjeld for organisasjonar i prisområde som har timeprisar over 73 øre per kWt.

Følgjande organisasjonar har rett til å søkja:

• Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret

• Verksemder som ikkje er i Frivilligregisteret, kan søkja dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innflytelse er registrert i Frivilligregisteret

• Andre frivillige verksemder som ikkje blir dekte under kulepunkt ein og to, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg blir driven av frivillig arbeidsinnsats og kor det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordelar frå verksemda. Frivillig arbeidsinnsats skal forståast som menneske som bidreg utan lønn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida.

Søkar må ha organisasjonsnummer.

 

Kva kan tilskotet brukast til

Følgande skal ikkje kompenserast:

• Straumforbruk knytt til utføring av offentleg lovpålagde oppgåver på oppdrag frå stat, fylkeskommune eller kommune.

• Økonomisk verksemd der kompensasjon til denne verksemda er i strid med reglane i EØS-avtalen om offentleg støtte.

• Straumutgifter som allereie er kompenserte gjennom dei statlege straumstøtteordningane for hushaldning eller landbruket.

• Straumutgifter til verksemder som er under konkursbehandling.

 

Les meir om ordninga her på denne lenka

Søk på denne lenka