Spørjeundersøking for pårørande med heimebuande med demensKvam herad gjennomfører prosjektet Fleksibel avlasting for pårørande til heimebuande personar med demens. I samband med dette bed me no pårørande til heimebuande med demens om å svara på ei kort spørjeundersøking. Svara på undesøkinga fortel oss mykje om kva for avlasting ein treng for at dei som er råka av demens, kan bu heime so lenge som er råd. Bruk nokre minutt på å gjera oss klokare og gjeva oss informasjonen me treng for å laga eit best mogeleg tilbod i framtida.Til undersøkingaMeir om prosjektet og demensomsorga i KvamLes meir om prosjektetTil sidene om demensIllustrasjonsbilete alderdom Publisert av Ole Kristian Grønneng Sist endra 29.04.2025 13:47