Snøskredvarsel

Tysdag: Orange nivå, faregrad 3 - Betydeleg snøskredfare.

kartutsnitt vestland - Klikk for stort bilete

 

Publisert 23. februar faregrad 3

  • Store naturleg utløyste skred
  • Potensielt store naturlege flakskred er venta utover kvelden som følge av vindauke

 

Størst fare frå tysdag kveld.

Onsdag 25. februar melder varsom: Faregrad 4 - Stor snøskredfare i vårt område.

  • Tørre og våte flakskred vil losne av seg sjølv på grunn av mildvêr og eit svakt snødekke 
  • Mildvêrsgrense på omtrent 1200 moh. 
  • Skred kan treffa utsatt infrastruktur eller busetnad
  • Unngå skredterreng.

Skredfarevurdering

Vindauke frå sør utover kvelden vil auke skredfaren ytterlegare og det er venta nokre store naturleg utløyste skred i lesider mot vest nord og aust når vinden tar seg opp.

Mykje nysnø siste dagar har gitt auka belastning på vedvarande svakt lag av kantkorn og det vil vera svært lett å løyse ut skred på dette for skiløparar frå morgonen av. Enkelte av skreda kan også bli store.

Temperaturauke og moglegheiter for sol vil føra til våte laussnøskred i solsider og under mildværsgrensa.
 

Les meir om skredproblem og råd, samt vidare varsel på varsom.no

Kvam herad rose, raud - Klikk for stort bilete

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.