Siste opningsdag Ålvik legekontor
Måndag 30. mars vert siste opne dag på legekontoret - også kalla sjukestova
Legekontoret i Ålvik, kalla Sjukestova
Ingunn Kråkevik
Opningstider som normalt
Opningstidene måndag og onsdag kl 08.00–15.30 vert som normalt fram til måndag 30.mars 2026.
Med unntak av veke sju (9. og 11. februar) då er det stengt grunna ferieavvikling.
Tiltak for best mogleg overgang
- Kommunen har kontakta drosjeverksemda med informasjon om når endringane trer i kraft slik at dei er førebudde på endringa.
- Eit av tiltaka som er gjort er å setje opp legetimar slik at det ikkje kolliderer med skulekøyring, for slik å sikre at pasientar kan få skyss til rett tid. Helsebanken forsøkjer også å stette dette ved plassering av legetimar.
- I tida framover vil leiar for legetenesta i samarbeid med helsebanken, halda auga med bl.a. oppmøtestatistikk, og gjera vurderingar om det er behov og rom for andre tiltak, for å syta for at me har forsvarlege tenester til innbyggjarane våre.
Helsestasjonen og skulehelsetenesta
Helsestasjon har sin siste dag i Ålvik torsdag 19.03.2026 , og vil seinare tilby timar ved Øystese Helsestasjon.
Skulehelsetjenesta vil halde fram i Ålvik som normalt.

Publisert av Connie Langeland
Sist endra 04.02.2026 11:52