Kulturprisen 2021

Klikk for stort bileteKvam herad deler ut kulturpris som takk for verdifullt kulturarbeid i vår kommune. Innbyggjarane i Kvam vert oppmoda til å senda inn grunngjevne framlegg til kandidatar til kulturprisen for 2021. Frist er 1. august. 

Framlegga kan sendast per post (Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund) eller på e-post postmottak@kvam.kommune.no. Merk framlegga "Sak 21/1686, Kulturprisen 2021" Alle framlegg vert handsama konfidensielt.