Kvam heradsstyreTysdag 28. oktober Kvam miljø-, plan- og bygningsutval.
kl 12.00
Møtestad: Tørvikbygd og Kvam rådhus
Her vert det saker som omhandlar dispensasjonar og klage.
Full saksliste og oversikt over medlemmer finn du her.
Onsdag 29. oktober Kvam formannskap
kl 09.00
Møtestad: Kvam rådhus
Av innkallinga kjem det fram at dei startar med dialogmøte i Kvammabadet KF oppstart kl. 09.00 til om lag kl. 09.30 og informasjon ved Eveny om konsesjonssøknad, utbygging av Samnanger-Kvitingen og Hamlagrø.
Deretter følger saker som endring av vedtekter i barnehage, uttale til høyring om nedbygging av myr og lokal forskrift om byte av skule i Kvam herad.
Full saksliste og anna informasjon finn du her.
Fredag 7. november Kvam heradsstyre
kl 09.00
Møtestad: Heradsstyresalen, Kvam rådhus
På sakslista finn ein mellom anna møteplan for politiske møter i 2026 og ny leksestruktur for grunnskulen i Kvam.
Full saksliste, med innkalling og oversikt over medlemmer finn du her.
Her er lenke til Kvam kommune-TV der du kan følge møta direkte eller sjå opptak i etterkant!