Appen er gratis for Android og Iphone. Her kan du sjølv velja kva for informasjon du vil ha frå heradet.
Last ned Friskus kommune i App store (Iphone)
Last ned Friskus kommune i Google Play (Android)
Friskus kommuneNyhende i ulike kategoriar
Appen er sett opp med nyhendekategoriar. Du vel sjølv kva slags kategoriar du vil ha nyhende frå. Er du mest oppteken av kultur, fritid eller politikk? Dette er dei ulike kategoriane:
- Barn, ungdom og familie
- Brann og redning
- Farevarsel
- Helse og omsorg
- Hytteeigarar
- Kino
- Kultur, idrett og fritid
- Kvam herad informerer
- Ledige stillingar
- Politikk og organisasjon
- Vatn og avlaup
Sjølvbetening inn til tenestene
I tillegg til nyhende har appen gjegnvegar inn til sentrale tenester frå heradet. Her finn du lenkar inn til nokre av dei mest bruka sidene som til dømes skjemakatalog, postlista og skuleruta. Det er òg lenkar til BIR og Grannehjelpa. Me har bruka statistikk frå kvam.no i utveljinga av lenkar.
Appen på nynorsk
Friskus kommune har nynorsk grensesnitt. Under «Innstillingar» i appen finn du valet språk. Her kan du velja nynorsk.
Personvern
Du treng ikkje oppretta brukar for å nytta Friskus kommune. Det vert ikkje lagra personopplysingar knytt til bruket ditt av appen. I appen får du berre informasjon frå kommunane du vel og ingen andre.