Regjeringa har vidareført tilskotsordninga for frivillige organisasjonar som følgje av dei ekstraordinære straumprisane.
Den fyrste tilskotsperioden (desember 2021 - mars 2022) vart forvalta av kommunane. Regjeringa har no vedteke ei ny forskrift for tildelinga av tilskotet, og frå april 2022 er det Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga. Søknad skal også sendast desse.
Fristen for å søke straumstøtte er 15 februar 2023 kl 13 00.
Det kan no søkast om støtte for perioden oktober- desember 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betala ut straumstøtte fortløpande etter dei har opne for søknader, slik at dei som søkjer kan få pengane raskast mogeleg.
Formålet med straumstøtteordninga er å motverke negative konsekvensar av dei høge straumprisane.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore rundt 80 prosent.
Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
- Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
- Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
- Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drevet av frivillig arbeidsinnsats.
Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknader frå frivillige lag og organisasjonar.
Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her.
Meir informasjon om ordninga er å finna på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.