Vellukka kulturminnedag

Sundag 8. september vart det arrangert kulturminnedag i Kvam, i samarbeid mellom heradet, Kvam soge- og kulturminnelag; og Hardanger og Voss museum. Vergudane var på vår side, og arrangementet vart ein suksess.

– Mange uttrykker at dei har oppdaga ting i nærmiljøet som dei ikkje har vore klar over før. Eg har snakka med folk som aldri hadde vore på Holmsund eller Nes gard. Det har vore ein døropnar for fleire, seier Jon Nedkvitne i eit intervju med lokalavisa Hordaland Folkeblad. Nedkvitne er leiar for samfunn, næring og kultur i heradet. 

Kor mange som deltok på dagen er det vanskeleg å rekna på, men fleire av vertane - Grammofonmuseet, Kunsthuset Kabuso og Ingebrigt Vik museum, Storeteigen, Nes gard, Sjuragarden, Holmsund, gamleskulen på Norheim og Hardanger fartøyvernsenter - fortel om gode besøkstal. 

Les meir i Hordaland folkeblad, og sjå bilete i biletserien under.