Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Vellukka kulturminnedag

Sundag 8. september vart det arrangert kulturminnedag i Kvam, i samarbeid mellom heradet, Kvam soge- og kulturminnelag; og Hardanger og Voss museum. Vergudane var på vår side, og arrangementet vart ein suksess.

– Mange uttrykker at dei har oppdaga ting i nærmiljøet som dei ikkje har vore klar over før. Eg har snakka med folk som aldri hadde vore på Holmsund eller Nes gard. Det har vore ein døropnar for fleire, seier Jon Nedkvitne i eit intervju med lokalavisa Hordaland Folkeblad. Nedkvitne er leiar for samfunn, næring og kultur i heradet. 

Kor mange som deltok på dagen er det vanskeleg å rekna på, men fleire av vertane - Grammofonmuseet, Kunsthuset Kabuso og Ingebrigt Vik museum, Storeteigen, Nes gard, Sjuragarden, Holmsund, gamleskulen på Norheim og Hardanger fartøyvernsenter - fortel om gode besøkstal. 

Les meir i Hordaland folkeblad, og sjå bilete i biletserien under.

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.