Val av meddommarar til domstolane og skjønnsmedlemer - registrering av personar som ønskjer å stilla til val


Klikk for stort bilete Kvam heradsstyre skal velja nye meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. I tillegg skal heradsstyret koma med forslag til skjønnsmedlem. Valperioden gjeld frå og med 1.1.2021 til og med 31.12.2024. Kvam valnemd er i gang med å førebu tilråding til Kvam heradsstyre.  Det er mange som allereie har meldt si interesse, men det er likevel naudsynt at valnemnda sjølv tar kontakt med aktuelle kandidatar for å få fylt opp listene. 

Kriterium:

Den som skal veljast må ha tilstrekkeleg norskkunnskapar og vera personleg egna for oppgåva.

I tillegg må du:

  • vera mellom 21 og 70 år
  • stå innført i manntalet i kommunen

Vandelen til dei som melder si interesse vil bli kontrollert. Samansetjinga av utvala skal så langt råd er samsvara med befolkninga i kommunen. Heradsstyret vil difor velja ut meddommarar og lagrettemedlemmer etter alder/kjønn/yrke/etnisk bakgrunn. Opplysningar om dei ulike domstolane finn du ved å gå inn på heimesida til Noregs domstolar

Dersom du har blitt kontakta av Kvam valnemnd med spørsmål om å stilla til val som meddommar eller som skjønnmedlem og har takka ja, så kan du gå inn på registreringsskjemaet her. Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk ID. 

Me treng følgjande opplysningar i frå deg:

Desse opplysningane om deg er ferdig utfylt for deg når du loggar inn i skjemaet:

  • Fullt namn
  • Fødselsnummer
  • Di folkeregistrerte adresse. Kontroller likevel om denne stemmer.

Desse opplysningane må du sjølv passa på å fylla ut:  

  • Telefonnummer
  • Yrke/ Spesialkompetanse
  • Stilling
  • Kryssa av for kva rettsinstans du ønskjer verv. Du må velja mellom Hardanger tingrett eller Gulating lagmannsrett. Du kan ikkje vera representert i begge. Du har høve til å velja jordskifteretten åleine eller velja jordskifteretten i tillegg til Hardanger tingrett eller Gulating lagmannsrett.