Vaksineringa er i gang

Klikk for stort bileteVaksineringa kom i gang på torsdagDenne veka vart dei fyrste vaksinene mot koronaviruset sette i Kvam. – Forhåpentlegvis starten på slutten av pandemien, seier kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid i eit intervju med lokalavisa Hordaland Folkeblad.  

Som tidlegare omtalt fekk Kvam herad 35 vaksinedoser levert denne veka. I røynda er det snakk om sju glas med vaksinen, og ein kan få fem til seks dosar ut av kvart glas. Også neste veke får Kvam sju glas, nok til å setja mellom 35 og 42 sprøyter. Kor mange vaksiner Kvam får i vekene etter dette er endå ikkje avklara. 

Kvam herad følgjer Folkehelseinstituttet si prioriteringsrekkefølgje. Dei eldste og sjuke vert vaksinert fyrst. I tillegg kan inntil 20 prosent av vaksinene verta gjeve til helsepersonell med direkte pasientkontakt. I Kvam startar vaksineringa av helsepersonell komande veke.

Vaksina mot koronaviruset må gjevast i to omgangar, med ein intervall på minst 21 dagar.

Til Hordaland Folkeblad seier kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid at det er vanskeleg å spå om når vaksineringa av ikkje-prioriterte grupper kan starta: – Me vonar å få større mengder vaksiner i løpet av våren, og at me kan auka farten på vaksineringa. Enn så lenge starta i det små.

Kommuneoverlegen oppmodar alle til å ta vaksinen når dei får tilbodet om det. Han understrekar at vaksinen er trygg og at dei dokumenterte biverknadene liknar på dei ein kan få av ei vanleg influensavaksine.